Nytt tilbod for dei minste!
/Fogn Idrettslag har no starta med eit nytt tilbod til barn mellom 3 og 7 år, nemleg “Gymleik”, som i praksis betyr turn for dei minste! Tilbodet blir gjennomført i gymsalen på Fogn oppvekstsenter annakvar torsdag frå klokka 17.00 til 17.45, og her er det berre å møta opp! Sjå kva for torsdagar det gjeld på kalenderen her på Fogn.org.
NB! Dei yngste barna (3-åringane) må ha med ein foresatt på samlingane.