Svein Ellingsen prosjektet
/Vinteren 2023-24 lar me salmar og tekstar av Svein Ellingsen få plass hos oss. Han er den salmediktaren som har flest salmar i Norsk salmebok (2013). Det er noko med tekstane hans som rører ved folk, og som gir oss grunn til å vere nysgjerrige på det han har skapt. Han var over 90 år då han døydde i 2020.
Det blir korøvingar både på Fogn og Talgje, med same repertoar. Talgje startar med øvingar etter haustferien, og det er Silje Aandstad som øver med koret der og Eilef Gard er kontaktperson (tlf 95152676). Korøvingane på Fogn starta 13. september, og er lagt til annankvar onsdag (oddetalsvekene) kl.1930-2100 i kyrkja. Ta kontakt med Dag Sæbøvåg (tlf 90737071) om du lurer på noko eller vil vere med.
Øvingane vil ende opp med ein kveld med korsong, allsong og presentasjon av Svein Ellingsen og tekstane hans onsdag 6. mars i Fogn kyrkje. Det vil vise seg om det blir oppføringar også andre stader våren 2024.
Arrangør: Ansvarskomiteen i Fogn kyrkje