Bryt ny milepæl!
/For nokre år sidan overtok Jakob Bø rekorden for flest spelte seriekampar for Fogn IL sitt A-lag i fotball, då han runda 330 kampar og passerte Sigve Bø på toppen av lista. Då skulle ein gjerne tru at Jakob, som trass alt er nærare 50 enn 40 år, byrja å trappa ned fotballen, men det har på ingen måte vore tilfelle…
I dag, fredag 1. september, speler han nemleg sin seriekamp nummer 400, då dei mørkeblå møter Fiskå 2 til heimekamp på Fogn stadion! Sjølve kampen startar kl. 18.45, men det vil bli ei lita markering av den nye rekorden før kampstart, så møt gjerne opp i god tid!
Under er ei helsing frå to karar som har tatt seg tid til å gratulera Jakob i ein elles hektisk kvardag i Eliteserien sin gullstrid. Høyr kva Bjarte Lunde Aarsheim (trenar) og Erik Nevland (sportssjef) har å seie her: