Ikkje bål, men feiring blir det!

Grunna lite nedbør og mykje sol dei siste vekene, er det så tørt rundt oss at sjølv eindel regn fram mot 23. juni truleg ikkje vil hjelpa - St. Hans-feiringa blir utan bål i år.

Men Fogn IL og Fogn Kr. ungdomslag arrangerer likevel ei samling for alle som ynskjer å bli med, og dei inviterer folk til Fogn oppvekstsenter frå klokka 18.00 og utover. På programmet står:

  • Andakt ved Marius Aano Svellingen

  • Varm grill (blir ståande midt på asfalten i skulegarden) der folk kan grilla det dei har med seg.

  • Kiosksal

  • Ulike aktiviteter

Alle er hjarteleg velkomne!