Litt meir info frå 17. maikomiteen
/Nasjonaldagen står for døra, og komiteen på Fogn ynskjer å kome med litt meir info, ut over program for dagen, som er lagt ut før.
Det er Fogn kristelege ungdomslag som står for kiosksalet denne dagen. Dei nyttar eit eige Vipps-nummer, som ikkje må forvekslast med Vipps-nummeret til 17. maikomiteen, som nyttast til alle andre aktivitetar.
Kiosk Vipps: 751158
Komiteen sin Vipps: 93765Komiteen har sett fram eindel bord og benker utanfor oppvekstsenteret, med plass til omlag 160 personar. Det kan fort koma meir enn 160 personar, så dersom nokon tek med eigne stolar/bord, er det truleg ein god idè:)
Kransnedlegging på Eide blir klokka 16.30. Det er Aslak Bråtveit som legg ned krans ved Marta Jørgensdotter Eide sitt minnemerke på Eide. Aslak er ivrig historie forteljar i samband med aktivitetane kring RESTAURATION og den tilstundande merkeringa av det i 2025 er 200 år sidan den første organiserte utvandringa til USA fann stad.
Som kjent var det jo Marta, gift med Lars Larsen i Geilane , som fødte jentebarnet under den 98 døgn lange overfarten frå Stavanger til New York. Barnet fekk namnet Margaret Allen, oppkalla etter ein kvekar som faren kom i kontakt med under fangenskap i England.
Det går ferje frå Judaberg kl 16.00.
Det er ikkje meldt regn, men låge temperaturar og eindel vind. Ull er ikkje tull, men gull denne dagen…
Blåsarane i Messing speler både før toget går frå skulen og til samlinga i kyrkja. Men i sjølve toget blir det ikkje korps i år. Difor må vi sjølv stå for sang og musikk, og vi legg difor inn teksten på 1. verset på nokre aktuelle songar for denne dagen:
Ja, vi elsker dette landet,
som det stiger frem,
furet, værbitt over vannet,
med de tusen hjem.
Elsker, elsker det og tenker
på vår far og mor
og den saganatt som senker
drømme på vår jord.
og den saganatt som senker
drømme på vår jord.
Det går et festtog gjennom landet!
I by og dal, ved fjell og fjord
Vi svinger flagget stolt for Norge
Med hurra-rop i fra syd og til nord
Hurra! Vi marsjerer og vi synger
Sanger i rødt, hvitt og blått
Kjenner frihetens rytme i kroppen
Fylt av glede for landet vårt
Hvorhen du går i li og fjell,
En vinterdag, en sommerkveld
Med fjord og fossevell,
Fra eng og mo med furutrær
Fra havets bryn med fiskevær
Og til de hvite skjær,
Møter du landet i trefarvet drakt,
Svøpt i et gjenskinn av flaggets farveprakt.
Se, en hvitstammet bjerk oppi heien,
Rammer stripen med blåklokker inn
Mot den rødmalte stuen ved veien,
Det er flagget som vaier i vind.
Ja, så hvit som det hvite er sneen,
Og det røde har kveldssolen fått,
Og det blå ga sin farve til breen,
Det er Norge i rødt, hvitt og blått.
No livnar det i lundar,
no lauvast det i li,
den heile skapning stundar
no fram til sumars tid.
Mellom bakkar og berg ut med havet
Heve nordmannen fenge sin heim
Der han sjølv heve tuftene grave
Og set sjølv sine hus oppå deim
Mot i brystet, vett i pannen, stål i ben og armer,
ryggen rak og blikket fritt, se det er bra !
Tåle slit og tåle sludd og tåle frost og varme,
slike gutter/jenter det vil gamle Norge ha.
Hold nå takten der ! Intet mudder her !
La dem se vi er av rette slag !
Bare lek ? Ja, men av den skal fremtidskrefter vokse;
derfor er det alvor i vår lek i dag.