Helselaget kallar inn til årsmøte
/Årsmøtet i Helselaget blir som vanleg på Oppvekstsenteret på Fogn onsdag 8.mars klokka 1800.
Godkjenning av årsrapport og rekneskap
Val av nye styremedlemmer
Alle som har betalt medlemskontingent kan stemma og veljast til verv.
Me får besøk av Arnt Egil Ydstebø frå Helsehuset i Stavanger som skal snakka om temaet Demensvennlig nærmiljø.
Oddny, som er nestleiar i fylkesstyret i Nasjonalforeningen for folkehelse, skal vera med og snakka om temaet Gå med oss, kva nyaste forsking seier om kor viktig det er å gå tur, både fysisk og psykisk.
Elles blir det servering, utlodning og trekking av tre heldige vinnarar i turbøkene. Ta gjerne med ein liten ting til utlodninga, det sett me pris på.
Viss nokon har saker dei ønskjer å ta opp på årsmøtet, må styret ha dei seinast ei veke før årsmøtet. Send til ommaaland@gmail.com eller mobil 941 29 233
Hjarteleg velkommen
Styret