Siste frist for påmelding til vandremiddag!
/Oppdatert: Mange er påmeldt, mend et er framleis plass til fleire påmeldte til det nye konseptet “vandremiddag”. Dei som vil vere med må melda seg på innan utgongen av tysdag 18. april, slik at komiteen kan få tid til å fordele folk på grupper, avklara kven som skal laga forrett, hovudrett og dessert, og informera deltakarane om dette.
Idrettslaget, Helselaget, Grendalaget, Kyrkja og Misjonsforsamlinga på Fogn inviterer til eit nytt konsept, nemlig “Vandremiddag”, laurdag 22. april frå klokka 18.45-23.00. Les meir om kva dette går ut på under, og meld dykk på ved å klikke her!