Spleis på felles fyrverkeri!

Bilete frå oppskytinga i fjor

Også på nyttårsaftan i år vil Trond Egil Sivertsen med hjelparar dra i gang felles fyrverkeri på ved Fogn oppvekstsenter, noko som har vore ein stor suksess tidlegare! Dei to showa (klokka 19.00 og ved midnatt) er alltid av høg kvalitet, det er sosialt og sjå på fyrverkeriet saman med andre, og det er ikkje minst greit å sleppe stress med både innkjøp og oppskyting!

Spleisen, som ein kan sjå ved å klikka her, er open fram til og med 30. desember!