Snart klart for solidaritetsaksjon

Fogn oppvekstsenter informerer:

Tysdag 24. oktober kl. 16:20 – 18:30 arrangerer vi solidaritetsaksjon på oppvekstsenteret. 

I år har elevane våre valgt å samla inn penger til barn i Zambia. Konklusjonen deira var at desse barna treng pengane mest. Berre 50% av barna i Zambia fullfører barneskulen, og heile 60% av befolkninga på landsbygda er analfabetar. Derfor treng skulane i Zambia hjelpa vår! Pengene som blir samla inn på solidaritetsaksjonen, blir gitt til Hei Verda som har prosjekt i Zambia.

Pengane går til å:

  • betre skuletilbodet i Zambia. 200 000 barn går ikkje på skule fordi det er mangel på både skular og lærarar.

  • gi ufaglærte lærarar opplæring, slik at dei blir gode pedagogar.

  • byggje brønnar, slik at skulane får reint drikkevatn.

  • jobbe for at jenter går vidare på skulen og får ei utdanning.

  • jobbe for at barn med funksjonsnedsetjing også får gå på skule.

Du kan lese meir om prosjektet her: https://www.heiverden.no/zambia

Vi ønsker alle velkomne til solidaritetsaksjon på oppvekstsenteret 24. oktober. Her kan du m.a. kjøpe mat, kaffi og kake. Det blir loddsal og utlodning, ulike aktivitetar du kan delta på og bruktbod/loppmarknad. Vi tek imot fint brukte gjenstandar til bruktboda. Ta kontakt med oss, eller kom innom dersom du har noko du vil gi bort.