Fognbu på topp 8 i verda!
/Foto: Sindre ellingsen / Helen & Hard
BBC la denne veka ut ein artikkel på nettsida si, med overskrifta “8 of the world’s best forest homes”. Artikkelen fortel at det har kome ei ny bok om emnet, der trehyttene Woodnest i Odda er representert. Det er også Woodnest som er nytta som illustrasjonsbilete for artikkelen.
Som mange veit, er det Kjartan Aano, som bur i Odda, men kjem frå Fogn, som saman med kona si, Sally Aano frå Australia, som står bak Woodnest. Dei har gjort ein imponerande jobb, både med sjølve hyttene, men også i marknadsføring av tilbodet, kanskje særleg i sosiale medier og ulike publikasjonar. Det har blitt særs populært å overnatta i ein tretopp i Odda, så populært at det no er nye hytter (med badekar!) under oppføring!