Flott Fognaløp og -meisterskap
/Som eit slags punktum for ei fantastisk helg på Fogn, arrangerte Fogn IL Fognaløp og -meisterskap søndag 4. september. Med stort sett sol og temperatur på 20+ vart det ei flott ramme rundt eit fint arrangement!
I Fognaløpet kunne ein som vanleg bli med på anten 5 km (rundt “Nullen”) eller snaut 10 km (rundt øya). Det kunne sjå ut som om dagsturhytteopning og 50-årsfest dagen før hadde kosta mykje for mange, sidan det var hakket færre deltakarar på løpet enn vanleg. Men dei som sprang fekk ein flott tur!
Lilly Hovda vann 5 km for damer, på tida 25.31, med Janne Aano Bø (28.46) og Anne Sunde (29.51) på plassane bak. Herreklassen vart vunnen av Anders Sandanger på 20.10, foran Filip Iversen (24.15) og Arne Straumstein (25.32).
I runden rundt øya var det berre ein deltakar i dameklassen, men Tanja Sandanger Giske (56.30) leverte likevel flott innsats og sprang i mål som vinnar! Herreklassen vart vunne av Håvard Østhus på 39.18 foran Matan Shapiro (44.52) og Helge Iversen (45.45).
Deretter var det klart for fognameisterskap der born i alle aldrar sprang 60-meter, hoppa lengde og kasta liten ball. Fotografen hadde arbeidsoppgåver i lengdegropa, difor er dei fleste bileta i serien under derfra. Bileta som ikkje er frå lengdehoppinga er knipsa av Jakob Bø.
Takk for eit flott arrangement!