Fognaløp og meisterskap på søndag
/I tillegg til dagsturhytteopning og 50-årsfest for Fogn IL, vert det også arrangert fognaløp og fognameisterskap på søndag 4. september!
Det byrjar med fognaløp kl. 13.00 frå skulen. Her kan ein velgje mellom 5 og 10 km, og det er viktig å understreke at løpet er for absolutt alle, ein treng ikkje å vera topptrent!
Etter at løparane er i mål og premieutdeling er ferdig, er det tid for Fognameisterskapet der 60 meter, lengde og kast med liten ball står på programmet. Alle får medalje!
Det servering av frukt og diverse anna.
Velkommen!