Ein ypperleg campingplass!
/Frå laurdag 13. til søndag 14. august vart fotballbanen ved Fogn oppvekstsenter prøvd ut som campingplass! At ein flat og fin grasbane fungerte fint for dei 11 telta med born, ungdom og vaksne, var nok inga overrasking. Men aktivitetstilbodet, med fotball i bingen, utstyr frå “Mesternes Mester”, “Airtracks”, bålpanne med marshmallowsgrilling, boccia og badminton bidrog også til mykje god stemning. Når vèret i tillegg viste seg frå si aller beste side, fekk ein heller tola at det nok vart “så som så” med søvn for eindel av deltakarane…
Under er nokre fleire bilete frå det som kanskje er starten på ein tradisjon på Fogn?