Velkommen til St. Hansfeiring!

Bilete frå feiringa på Erås i 2021

Fogn IL og Fogn kr. Ungdomslag inviterer også i år til St. Hansfeiring på Fogn, denne gongen ved Janne og Jakob på Trevland (nærare bestemt på Storhaug, for dei verkeleg lokalkjende). Parkering ved Janne og Jakob.

Arrangementet startar kl. 19.30, med andakt av Trond Arne Borgemyr. Tenning av bålet skjer ca. kl. 21.00.

Det vert sal av sjokolade, brus og kaffi. Det vert også tent eit lite pølsebål for dei som vil spidda medbrakte pølser.

Alle er hjarteleg velkomne!

NB! Det vert dugnad for å dra saman bålet frå klokka 19.00, onsdag 22. juni.