Bortesiger til Fogn i serieopninga!
/Forus og Gausel 2 - Fogn: 2-3 (2-1). At Fogn sitt fotballag i 7. divisjon vinn på bortebane skjer på ingen måte ofte. At det i tillegg skjer i første seriekamp, der dei aller fleste spelerane ikkje hadde hatt på seg fotballsko sidan serieavslutninga i fjor, gjer det nærmast til ein sensasjon. Men det var altså det som skjedde, denne kvelden på Knudamyra kunstgrasbane!
Forus og Gausel gjekk hardt ut frå start av kampen, og spelande trenar Jakob Bø var nok glad for at han hadde lagt ein nokså defensiv taktikk, der det kun var einsleg spiss Jørgen Bø som jaga på topp, og resten av laget konsentrerte seg aller mest om å forsvara seg. Men sjølv om Forus og Gausel hadde ballen klart mest, var det Fogn som fekk det første målet! Venstreback Tord Myklebust slo eit frispark frå midtbanen opp bak heimelaget sitt forsvar. Keeper kom ut for å ta ballen, men ein bakromsjagande Jørgen Bø nådde ballen først, heada den over keeper og inn i det tomme målet, 0-1!
Deretter heldt kampen fram i same spor som før scoringa, med Forus og Gausel i angrep og Fogn i forsvar. Dette gav til slutt resultat for heimelaget, som scora to mål må 7 minutt, først ved ei fin heading, deretter ved flott gjennomspel med tilhøyrande kontrollert avslutning. 2-1 var også stillinga til pause.
Både i første og andre omgang gjorde heimelaget mange bytter, noko som gjorde at dei mista litt av den fine rytmen dei hadde i byrjinga av kampen. Fogn dominerte på ingen måte i banespelet, men kom til ein og annan halvsjanse, og etter halvspelt andreomgang fekk dei løn for strevet. Igjen var det Jørgen Bø som var frampå, og i duell med tre forsvarar kom han seg inn i 16-meteren, der han vart lagt i bakken på ulovleg vis, og dommaren peika på straffemerket! Jakob Bø var, som vanleg, sikker som banken og sendte keeper ein veg og ballen den andre, 2-2!
Ikkje lenge etter skulle avgjersla komme. Nok ein gong var det eit frispark frå ein back med etternavn Myklebust, men denne gongen høgreback Olav. Han sendte ein frispark inn foran mål, der namnebror Olav Halsne, som var komen inn som innbyttar, nådde ballen først og heada den inn via fingertuppane til keeper, 2-3 og vill jubel i Fogn-leiren!
Forus og Gausel pressa på for utlikning, men det gjorde ikkje ting lettare for heimelaget at dei vart redusert til 10 mann etter at same spelar fekk to gule kort på få minutter. Etter nokre lange sluttminutter blåste dommar endeleg av kampen, og Fogn sto, på mirakuløst vis, igjen som vinnar!
Ein flott start på sesongen for dei blåkledde, som møter Havørn 2 til sesongens første heimekamp tysdag 19. april!