Stort engasjement på årsmøte i grendalaget!
/Sjølv om oppmøtet kunne vært betre, var det ingenting å seie på engasjementet då Fogn grendalag hadde kalla inn til årsmøte, torsdag 31. mars. Første del av møtet, med årsmelding, rekneskap og val, gjekk raskt unna. Leiar Ole Klingsheim fekk fornya tillit i den rolla, og får med seg desse på laget i styret:
Ona Batutiene (2 år att)
Jon Olav Runestad (2 år att)
Christoffer Inge Hovda (2 år att)
Liv Bottolfs (1 år att)
Oddny Kjølvik (1 år att)
Arnstein Bøe (1 år att)
Valnemnda ser slik ut framover:
Ivar Opsal (leiar, 1 år att)
Heidi Bø Sangedal (2 år att)
Tone Østebø (3 år att)
Revisor er Ottar Sandanger
Deretter var det sett opp ulike temasaker, og både båtruter, dagsturhytte, turstinettet og kraftliner vart informert og samtala om. Dei som ynskjer å vite meir, kan lese i referatet (som strengt tatt ikkje er styregodkjent enno). Når det gjeld dagsturhytta, ser det (per no) ut til at denne kjem i modular til Sørvåg 19. april, for deretter å bli flydd opp til Ørnakula nokre dagar seinare. Montering av hytta skjer ein gong før St.Hans, og dato for opning er, enn så lenge, uviss.
Det vart fleire gonger i møtet trekt fram kor viktig jobben som skjer i og rundt grendalaget er, og det er mange som skal ha honnør for den positiviteten som er på Fogn! Skal slike små samfunn fungera godt, treng ein ildsjeler, og det har vi mange av på Fogn!