Snart klart for årsmøte og sosialt samvær i helselaget!
/Marit Vignes har “drøseri” denne kvelden
Onsdag 23. mars inviterer Helselaget til kombinert årsmøte og sosialt samvær på oppvekstsenteret klokka 18.00!
I og med at førjulsfesten for pensjonistane i kyrkja blei avlyst, prøver me med dette å bøta litt på såret med å laga ny fest. Fordi vi er så få medlemmer i styret, slår me fest og årsmøte saman. Første de blir årsmøtet.
Deretter blir det servering av ein varmrett, samt kaffi og kaker. Marit Vignes kjem og skal halda eit såkalla “drøseri”. Som vanleg blir det trekning i turbøker og basar. Me er takksame om nokon vil ta med seg ein gevinst til lotteriet.
Som mange veit treng me sårt fleire medlemmer i styret. Tenk over om du kunne tenka deg å bli med. Ingen slit seg ut på jobben. Me har rundt seks styremøte i året i tillegg til arrangementa våre. Det er faktisk veldig kjekt å vera med i styret:)
Medlemmar, pensjonistar og vaksne er hjarteleg velkomne!
Påmelding på sms til Oddbjørg, Tlf: 94 12 92 33 innan 17. mars.
Helsing styret ved Oddbjørg, Ingeborg og Isabelle