Solid trøkk på konsert!

Sjølv om borda var hakket færre, og pynten var noko enklare enn på ein klassisk 17. mai-fest, var det fleire som drog denne parallellen då dei kom inn i gymsalen på Fogn oppvekstsenter, laurdag 19. mars. Det kan sjølvsagt skuldast at folk byrjar å gløyma ramma rundt festen, som har blitt korona-avlyst dei siste åra, men med kvite dukar, fin lyssetting og uttrekt scene, var det i alle fall klart at det skulle skje noko “utanom det vanlege” i gymsalen denne kvelden!

I overkant av 70 personar, i alle aldrar, møtte opp og fekk med seg nesten 1,5 time med rock og blues av høg kvalitet, levert av Bård Gulbrandsen med band. Innimellom songane småprata Bård til dei frammøtte, fortalte om innhaldet i det som vart framført, og kva det betydde for han. Publikum i salen tok kanskje aldri “heilt av” (slik artisten gjerne såg for seg av folk frå “bøgda”), men leverte solid applaus etter kvar einaste song, og ikkje minst etter at siste låt var framført for kvelden!

Det virka som om folket på Fogn kosa seg på konsert denne kvelden! Når artist, band og lydfolk også verka godt nøgde, kan ein ikkje anna enn å konkludere med at dette var eit vellukka arrangement, som ein gjerne kan ha liknande av i framtida!