Vellukka ungdomslagsweekend!

Fogn kristelige ungdomslag opplever ei “storhetstid” med godt oppmøte om samlingane, som vanlegvis er annakvar laurdag. Helga 11.-13. februar var det tid for weekend, og destinasjonen var Sauda, nærare bestemt den nyrenoverte “Sauda klubb”. 42 personar var påmeldt, dei fleste frå Fogn, men det var og med personar frå andre øyar i gamle Finnøy kommune, Hjelmeland og Kvitsøy.

Nokre “highlights” frå weekenden:

  • Glimrande fellesreise både fram og tilbake med “Helgøy Glimt”

  • Jevnt snøvèr heile helga

  • God mat, i all hovudsak laga til av ungdomane sjølv

  • Tur til Svandalen skisenter og/eller badeland i Saudahallen

  • Fine samlingar der Kristian Landro underviste om “Guds kjærleik”

  • Underholdningskveld, quiz, spel og god stemning

  • Varierande grad av søvn

  • Ein veldig positiv og kjekk gjeng med ungdom!

Fogn kr. ungdomslag

Under er nokre bilete frå helga: