Spleis på ei flott oppleving for alle!

Ein stor gjeng møtte opp for å sjå det flotte fellesfyrverkeriet i fjor.

Dei som feira nyttår på Fogn i fjor, hugsar gjerne at det var to flotte seansar med fellesfyrverkeri på fotballbanen. Først klokka 19.00 og deretter ved midnatt. Mange møtte opp og fekk sjå feiande flott fyrverkeri på trygg avstand, i tillegg til at dei kunne ynskje kvarandre godt nytt år, før ein gjekk kvar til sitt. “Dette blei jo både mykje betre, tryggare og billigare enn om me skulle skyte opp kvar for oss”, var ein nokså gjengs kommentar etter nyttår i fjor.

Det var Paul Arne Aano og Trond Egil Sivertsen som hadde laga til ein “Spleis” for å samla inn pengar til fyrverkeri i fjor, og no gjentek dei suksessen også dette året. Konseptet er enkelt: Folk bidreg med det dei vil inn i “potten”, som det så vert kjøpt fyrverkeri for.

Bli med og bidra til ein fargerik, sosial, trygg og eksplosiv inngang til det nye året på Fogn, ved å støtta denne spleisen!