Badekalenderen brer om seg
/Dei som fylgjer Fognbuen Trond Egil Sivertsen på Facebook, har nok fått med seg at han har ein eigen badekalender no i adventstida. Konseptet er nokså enkelt, han badar kvar dag, og stiller eit spørsmål som er relatert til bading, kaiar på Fogn eller heilt andre ting. Noko av bakgrunnen for dette stuntet, er at Trond Egil vil samle inn pengar til årets fellesfyrverkeri på Fogn. Dette kan du støtte ved å klikke her.
Etterkvart som desember skrid fram, har både lokalradio, lokal-TV og Øyposten (sak på gang) vore med og laga reportasje om Trond Egil sin alternative kalender. TV-innslaget, som vart sendt tysdag 13. desember, kan du sjå ved å klikka her (videoen er sett opp til å starte på rett stad når du klikkar play-symbolet).