Førjulsfest for pensjonistar

Velkommen til førjulsfest, torsdag 24. november klokka 1800 i kyrkjekjellaren!

Etter to år med pandemi er det ei stor glede for Helselaget å endeleg kunne invitera til den tradisjonelle førjulsfesten for pensjonistane.

Me har slått på stortromma i år og invitert Oddgeir Bruaset som dei fleste ganske sikkert kjenner frå fjernsynsserien Der ingen skulle tru at nokon kunne bu. Han skal fortelja om folka han har møtt og dei mange utrulege stadene han har vore på. Kanskje er det nokon som kjenner dei igjen ifrå fjernsynsserien?

Elles blir programmet som før med velkomstgløgg, julemiddag med riskrem og mandel, kaffi, song og juletregang. Geir spelar piano.

Meld deg på ved å senda ein sms til Oddbjørg: 94 12 92 33 innan fredag 18. november.

100 kroner per person

Hjarteleg velkommen!

NB! Det blir ikkje lappar i postkassen denne gong.