Ei helsing frå Viking til Fogn IL!

Søndag 13. november avslutta Viking fotball sesongen i eliteserien med å spele uavgjort heime mot Odd. Etter kampen fekk Jon Olav Runestad, på vegne av Fogn IL, overlevert ei Vikingdrakt signert av alle spelarane! Den som overleverte drakta var ingen ringare enn trenar Bjarte Lunde Aarsheim. Han ville gi drakta som ei helsing frå Viking til Fogn i anledning 50-årsjubileet i år. Han hadde også merka seg at det var mange trufaste vikingsupportarar frå den vesle øya, og takka for all støtte gjennom året. Til slutt lova Aarsheim at klubben skal gjere det som trengs for å løfte laget i 2023!

Leiar i Fogn IL, Jakob Bø, set pris på gåva frå Viking, og er glad for at trenaren har lagt merke til vikingengasjementet som er på Fogn. No vil ein sjå på løysingar for kvar drakta kan henge, og det er nok ikkje uaktuelt å finne ein ledig veggplass på Fogn oppvekstsenter, der mange unge vikingsupportarar tilbringar store deler av dagen!