Bli med på Vikingkamp med Fogn IL!
/Fogn IL har 50-årsjubileum i 2022, noko som har blitt markert på ulike måtar gjennom året. Under jubileumsfesten 3. september, vart videohelsinga under spelt av:
Som Kristoffer Løkberg seier, inviterer altså Viking alle i Fogn IL til heimekamp på SR-bank Arena, og kampen som er valt ut, er mot Sarpsborg 08 på søndag 16. oktober kl. 17.00. Som mange veit har Viking gjort det nokså svakt i det siste, så no treng dei verkeleg støtta vår!
Alle som vil ha billettar må melde frå til Heidi Bø Sangedal på 470 10 909 (evt. på Messenger) innan onsdag 12. oktober. Det vert i utgangspunktet ikkje lagt opp til felles opplegg rundt køyring, men vi prøver å fylle opp bilane, og legge til rette for dei som evt. ikkje har mogelegheit til å køyre sjølv.
Heia Viking!