Framleis dekkservice på Fogn!
/Mange var nok litt nervøse for kva som ville skje då “dekkongen” på Fogn, Bjarne Bøe, valgte å flytta til Finnøy. Måtte folk no byrja å både skifta og ta hand om bildekka sine sjølv? Heldigvis kom det kjapt på plass ei løysing for dei som vil nytta seg av denne!
John Sverre Sandanger tilbyr både skifte av hjul, bestilling av dekk, dekkhotell og omlegging og avbalansering av dekk. Han har alt overtatt mange av “dei gamle” kundane til Bjarne, men har plass til fleire dekk og kan ta imot enno fleire kundar i redskapshuset på garden med adressa Sæbøvegen 1.
John Sverre sjølv minner om at dette tilbodet er like aktuelt for hyttefolk, som gjerne har tid til å skifta dekk nettopp når dei er på hytta.
Både fastbuande og hyttefolk når John Sverre på det same nummeret, 97 64 03 81!