Over 100 deltakarar då toppturane vart arrangert for 10. gong!

Ellie, Amadeus, Thomas og Sunniva koste seg på tur!

Ellie, Amadeus, Thomas og Sunniva koste seg på tur!

Søndag 19. september var det duka for den 10. utgåva av 4- og 7-toppsturen på Fogn, i regi av Fogn IL. Det er familien Mallin og Helge Iversen som har vore primus motorar for arrangementet i alle år, og Fogn.org sin utsendte reportar fekk ein drøs med Helge midt mellom Ørnekula og Domfjellet. Der sto turgeneralen og delte ut Kvikk Lunsj-sjokolade sponsa av Windoornet, medan han fortalte både frå årets, og tidlegare års turar!

4 og 7-toppstur  - 10.jpeg

- I år er det over 100 deltakarar, og det er på ingen måte berre lokale. Det er mellom anna med folk frå Stavanger turistforening. Gjennom dei 10 åra vi har arrangert, har det vore med mange frå både Sørlandet, Oslo og Bergen, og alle får sjå mykje av den vakre øya og utsikten vår! Det er rett nok berre 9. gong vi går 7-toppstur, sidan den aller første utgåva var ein rein 4-toppsvariant, men dette er uansett den 10. utgåva av fleirtoppsturar på Fogn!

- Andre arrangement, som t.d. Tour de Fogn, held på i ca. 10 år, og så har det dabba av, kan det same skje med fleirtoppsturane?

- På ingen måte! Turgåing er i vinden som aldri før, så dette vil vi halde fram med lenge! I år får også alle som deltek flotte topptur t-skjorter i målområdet, og desse må jo få bli med ut på tur neste år!

- Vil det vera mogleg å kjøpa desse t-skjortene, for dei som ikkje fekk gå turen i år?

- Nei, t-skjortene er til dei som går 4- og 7-toppstur, og vert ikkje selt på vanleg vis. Men dersom nokon ikkje hadde høve til å gå turen i dag, vil merkinga henge oppe eit par veker til, så det er berre å gå turen, og deretter gi beskjed, så skal det nok bli ei råd med t-skjorter!

Då kvelden kom tikka det inn melding til Fogn.org frå Helge. Han kunne melde om heile 112 deltakarar, og vi fekk også vite kven som hadde blitt trekt ut som vinnar av gåvekort frå Kiwi. Den heldige vinnaren var Helga Tytlandsvik!

Helge sendte også over mange flotte bilete, som er lagt saman med bileta til “reportar” Håvard Østhus i serien under. Takk for turen i dag, og så er det lov å gå tur dei 364 dagane fram til neste års 4- og 7-toppstur!