Endeleg klart for A-lagskamp igjen!
/Det har gått nesten to år sidan Fogn IL kunne invitere til A-lagsfotball på Fogn stadion. Førre kamp var 12. oktober 2019, då Tasta 2 vart sendt heim med eit 4-1 tap i bagasjen.
Sidan den gongen har Fogn IL ikkje spelt ein einaste seriekamp. Laget har heller ingen cup- eller treningskampar i år, så det kan verkeleg bli interessant når Ålgård 2, som Aftenbladet tipper som avdelingsvinnar, står på motsatt banehalvdel fredag 27. august klokka 18.45!
Den kanskje største kampen A-laget har hatt den siste tida, har vore mot robotklipparane på fotballbanen, som tok ein uforholdsmessig lang sommerferie. Dette har bidratt til at dei få treningane ein har fått til, har blitt gjennomført under dels utfordrande baneforhold. Så gjenstår det å sjå om det var underlaget, eller berre det faktum at det har vore nesten to år utan fotball, som har gjort at dei fleste spelarane har kjent på begrensningar knytta til både teknikk og presisjon på treningane…
No ser heldigvis både banen, veret og den opne kiosken ut til å skape gode rammer rundt den første A-lagskampen på Fogn på nesten 2 år! Og det blåkledde heimelaget har jo overprestert før, mykje takka vere entusiastiske supportarar på sidelinja, så her er det berre å møta opp i hopetal!
Velkommen til kamp fredag 27. august klokka 18.45!