Skattejakt på Fogn, ekstra opplegg enkelte dagar!

Skattejakt.jpg

Saka under er no oppdatert med fylgjande informasjon:

På dei dagane det er sett opp gratis “skattejaktbåt” frå Stavanger, vert det lagt til rette for litt ekstraopplegg på Fogn. Det betyr at det 19.-20. juli, 26.-27. juli og 2.-3. august frå ca. kl. 11.30 vert:

  • Lokal guide + Fognareven møter folk på kaien når båten kjem kl. 11.25

  • Varm grill, sal av lappar/tomatsuppe og tomatsmaksprøver utanfor den elles opne lokalbutikken vår.

Sidan ruta til “skattejaktbåten” er lagt opp slik at anløpet av Fogn kjem nokså seint (turen til Fogn tek nesten 2 timar), trur vi ikkje det vil bli ekstremt mange som kjem til Fogn på denne måten. Difor håper vi at både fastbuande og folk i hytter kjem innom butikken desse dagane!

Under er resten av den originale saka:

Stavanger kommune arrangerer skattejakt i øyriket sitt frå 12. juli til 22. august 2021! Skattejakta passar godt for familiar med born mellom 3 og 14 år, og ein treng berre ein smarttelefon for å delta. Denne vert nytta til å skanna ulike QR-kodar, som er plassert i terrenget på øyane, og ei av løypene er på Fogn! På Fogn går løypa frå butikken, via Peråsen og til Robin Hood-skogen.

Fleire dagar vert det også sett opp gratis “skattejaktbåt” frå Stavanger, og ein kan truleg rekne med fleire “skattejaktarar” på desse dagane: 19.-20. juli, 26.-27. juli og 2.-3. august.

Les meir om skattejakta, dei ulike destinasjonane og korleis dette eigentleg fungerer, ved å klikke her!

God jakt!