Dugnad i Robin Hood-skogen måndag 28. juni
/Robin Hood-skogen på Fogn inngår i kommunens digitale skattejakt for familiar i sommar, noko som gjer at det er ekstra viktig at skogen ser bra ut framover. Difor vil Fogn grendalag, i samarbeid med FAU ved Fogn oppvekstsenter, kalla inn til dugnad, måndag 28. juni frå kl. 18.00-20.00. Oppmøte ved Rasmus sitt drivhus.
Aktuelle oppgåver:
Div. rydding av bjørnebærris og brennenesle
Div. skilting og merking
Evt. fjerne doen som er der borte, for det er ingen som tømmer denne
Ta gjerne med kantklipper og/eller ryddesaks om du har dette.
Velkommen til dugnad!