Kva skal frisbeegolfbanen heite?
/Fogn idrettslag har kjøpt inn 9 frisbeegolfkorger som skal setjast opp på Sæbø, nærare bestemt i marka som vert kalla for “Vestheien”. Her skal det altså bli ein skikkeleg frisbeegolfbane der ein kan spela 9 eller 18 hol, alt etter om ein går banen ein eller begge vegar. Meir informasjon om dette kjem når banen ganske snart står klar.
Men ein frisbeegolfbane må ha eit namn, og her vil idrettslaget ha tips og hjelp frå Fogn.org sine lesarar! Kom med ditt tips innan torsdag 24. juni, så vil ein jury sjå på forslaga, og kåra ein vinnar. Vinnaren vil sjølvsagt få ein frisbeegolfrelatert premie:)
Fyll ut skjemaet under for å senda inn ditt forslag!