Snart klart for årsmøte i Fogn grendalag
/Det vert årsmøte i Fogn Grendalag torsdag 3. juni kl. 19.00. Årsmøtesaker med årsmelding, rekneskap, val og ymse. Det vil også bli ei orientering om turstiar og dagsturhytta. Dersom nokon har saker til møtet, må dette meldast til fogngrendalag@gmail.com innan 30. mai.
Utkast til årsmelding kan lesast her.
Kandidatar til valet er spurde på førehand. Dagens styre ser slik ut:
Elisabeth Leiros (leiar, på val)
Christoffer Inge Hovda (kasserar, 1 år att)
Heidi Bø Sangedal (styremedlem, på val)
Liv Bottolfs (styremedlem, på val)
Ivar Opsal (styremedlem, på val)
Tora Sandanger (styremedlem, 1 år att)
Jon Olav Runestad (styremedlem, 1 år att)
Vara:
Arnstein Bøe (på val)
Kjartan Hansen (på val)
Valkomiteen foreslår desse kandidatane til leiar + styreplassar, i tillegg til Christoffer Inge, Tora og Jon Olav, som alle har 1 år att:
Ole Klingsheim (leiar)
Liv Bottolfs
Arnstein Bøe
Oddny Kjølvik
Valkomiteen syner til vedtektene, som seier at det ikkje er krav om varamedlemmer til styret, og foreslår at vi “berre” vel 7 faste medlemmer til styret.
Valkomiteen sitt forslag til ny valnemnd:
Håvard Østhus, leiar 1 år
Ivar Opsal (ny), 2 år
Heidi Bø Sangedal (ny), 3 år