Det skjer på Fogn i jula (vert oppdatert)
/Aukande smitte og tilhøyrande endringar i nasjonale smitteverntiltak gjer det vanskeleg å planlegga ulike arrangement i jula. Ulike arrangørar har samarbeida om ein felles “Det skjer-lapp”, men med stadig nye reglar å forholda seg til, er utsending av lappen sett på vent. Vi vil oppdatera både denne saka, og kalenderen her på Fogn.org, etterkvart som det evt. kjem ny informasjon om dei ulike arrangementa under!
Lille julaften kl. 18.00 utanfor bedehuset
Enkel samling der vi står med god avstand og syng nokre julesongar i lyset til faklar og bålpanne, kvelden før kvelden. Passar for heile familien!
NB! Ungdomslaget si midnattssamling på lille julaften er avlyst.
Julaften kl. 14.30 i kyrkja OG kl. 15.15 i kyrkja
Gudsteneste ved Olav Kristian Tangeland.
Takkoffer til Kirkens nødhjelp
Song ved Hannah Gilje Østhus og Anne Strøm Østhus
NB! maks 50 personar på kvar gudsteneste.
Påmelding til Heidi Bø Sangedal på 470 10 909.
Den første gudstenesten, kl. 14.30, vert streame på Fogn kyrkje si Facebookside.
NB! Det er få ledige plassar på første gudsteneste, og eindel ledige plassar på gudsteneste nr. 2 (per 22.12.21)
NB! Familiemøte 1. juledag på bedehuset er avlyst av smitteverngrunnar
2. Juledag kl. 12.00 i kyrkja
Høgtidsgudsteneste ved Ola Aasland Vold
Nattverd
Takkoffer til Misjonsprosjektet
Maks 50 personar. Ingen påmelding.
3. Juledag kl. 17.00 utanfor bedehuset
Søndagsskulen sin juletrefest
Andakt ved Steinar Mjølsnes
NB! Juletrefesten er utandørs, kle dykk godt
NB2! Gratis inngang
Onsdag 29. desember kl.17.00 frå skulen
Fogn IL sin romjulsmarsj med start på skulen. Me går løypa Bø - Høgaste - Erås - skulen
50 kr per deltakar, maks 150 kr per familie
NB! Ungdomslaget si nyttårsfeiring er avlyst