Kva skal hytta heitte?
/Som dei fleste truleg har fått med seg, vert det i løpet av 2022 bygd ei dagsturhytte på Fogn, nærare bestemt på Ørnakulå. Men alle dagsturhytter må ha eit namn, noko som også er tilfelle for hytta som blir sett opp på Fogn. Difor har grendalaget, i samarbeid med Øyposten, laga til ein namnekonkurranse, der folk kan koma med til navn på hytta. Ein komitè nedsett av grendalaget vil bestemme kva for namn ein til slutt går for, og den som har foreslått dette namnet vinn eit års abonnement på Øyposten (både papir og nett)!
Namneforslag må sendast inn før 10. november, og ein kan foreslå namn på Øyposten si Facebookside, Instagrambrukar, eller på sms til Oddbjørg Måland på 941 29 233.