Vil du bli med i Helselagsstyret?
/Det nærmar seg tida på året for avvikling av årsmøta.
Helselaget planlegg sitt årsmøte i løpet av fyrste halvdel av mars, viss koronasituasjonen gjer
det mogleg. Viss ikkje har me retninglinjer ifrå Nasjonalforeningen for alternativ
gjennomføring.
Men det er ikkje det største problemet vårt akkurat no. Situasjonen er nemleg slik at det har
vist seg vanskeleg å finna folk som vil vera med i styret. Me har tre styremedlemmer som
ynskjer å gå ut i år, etter lang og trufast teneste.
Me ynskjer med dette å oppmoda folk til å engasjera seg i det nyttige arbeidet Helselaget
gjer, og spør difor; er det nokon som kan tenka seg å vera med i styret? Det er ingen som slit
seg ut på jobben, tvert i mot, det er både koseleg og sosialt. Me har rundt seks – sju
styremøte i året, inkludert dei faste arrangementa. I fjor blei det ingen aktivitet i Helselaget
etter årsmøtet i mars, som me var heldige og fekk avvikla før landet stengde ned.
Me håper å få folk med oss, elles blir det vanskeleg å driva vidare.
Har du lyst å gjera ein innsats for Helselaget, kan du ta kontakt med ein av oss i styret.
Ingeborg Bø Rolfsen
Ingunn Sandanger
Isabelle Kvamsø
Gunhild Hovda
Elisabeth Leiros
Oddbjørg Måland
Helsing styret