Hjartestartaren har fått ny "base"
/Dei siste åra har det vore ein hjartestartar lokalisert på toalettet som vender ut mot fotballbingen ved Fogn oppvekstsenter. Dette toalettet har tidlegare vore ope heile døgnet, men etter nokre uheldige episodar vert toalettet no låst på fritida (når det ikkje er organisert aktivitet).
For å unngå at hjartestartaren då hamnar bak låst dør, er denne flytta bort i bua ved butikken. Her er det alltid ope, og det potensielt livsavgjerande hjelpemiddelet skal difor igjen vere tilgjengeleg dersom det skulle vere behov for dette!