Rapport frå årsmøte i grendalaget
/Omlag 5 månadar “koronaforsinka”, vart årsmøtet i Fogn grendalag endeleg gjennomført onsdag 2. september. Med mellom anna spriting av hender, avstand mellom stolane og oppmøteregistrering vart smittevernet teke godt i vare, og møtet vart gjennomført på ein trygg måte.
Leiar i Finnøy kommunedelsutval, Birger Hetland, var invitert for å snakka om arbeidet i utvalet, og korleis folk på Fogn kan vera med og påverka det som skjer i samfunnet rundt oss. Hetland fekk mange spørsmål frå ei engasjert forsamling, og det gjekk mykje i Øyfast, samferdsel og boligbygging! Utvalsleiaren Hetland understreka at han framover kjem til å ha kontordag på innbyggartorget (Judaberg) på tysdagar, og alle er hjarteleg velkomne til å ta turen innom for ein kaffi og ein prat om saker som engasjerer dei.
Det vart også informert om eit viktig møte med fokus på grøn planlegging i Stavanger kommune. Møtet vert gjennomført dels på Fogn og dels på Finnøy, tysdag 29. september. Her vil det vere høve til å løfta opp saker som er viktige for Fogn i denne samanheng, mellom anna turstiar og båtplassar. Vi kjem attende med meir informasjon om møtet.
Som vanleg på eit årsmøte, sto også saker som årsmelding, rekneskap og val på agendaen. Grendalagsleiar Ole Klingsheim leia oss trygt gjennom dei første sakene, før Arnstein Bøe frå valnemnda gjennomførte dei ulike vala. Dette gjekk også utan den heilt store dramatikken, og gav dette resultatet:
Nytt styre:
Elisabeth Leiros 2 år
Jon Olav Runestad 2 år
Tora Sandanger 2 år
Christoffer Inge 2 år
Heidi Bø Sangedal 1 år
Liv Bottolfs 1 år
Ivar Opsal 1 år
Arnstein Bø, vara 1 år
Kjartan Hansen, vara 1 år
Ny valnemnd:
Monica Stensland, leiar 1 år
Håvard Østhus (ny), 2 år
Ole Klingsheim (ny), 3 år
Revisor: Ottar Sandanger
Når det gjeld kven som vert ny grendalagsleiar, så gav årsmøtet si tilslutning til at dette skulle styret få velgje sjølv på første styremøte.