Glimt frå flotte toppturar!

Bilde_27.09.2020,_15_11_57.jpg

For 9. gong arrangerte Fogn IL, med familien Sandanger Iversen i spissen, 4- og 7-toppstur på Fogn! Også i år vart det ein flott dag på tur med godt vèr, god stemning og nydeleg utsikt! 54 personar deltok på den lange turen over 7 toppar, medan 22 gjekk for den kortare ruta over dei 4 siste toppane.

Ein viktig motivasjonsfaktor på desse turane, er at det på fleire av toppane var ei lita overrasking til alle som kom opp. I år var det sjokoladar, tomater og buffar som venta dei som nådde heilt opp!

Det vart også trekt ein vinnar av eit gåvekort på 500 kroner frå Kiwi. Leiar i Fogn IL, Jakob Bø, trakk vinnaren, som i år vart Alf Svendsen.

Takk for turen!