Glimt frå Fognaløp og Fognameisterskap 2020

Jonas Sandanger i svevet, medan familien fylgjer spent med i bakgrunnen.

Jonas Sandanger i svevet, medan familien fylgjer spent med i bakgrunnen.

Søndag 13. september var det igjen duka for både Fognaløp og Fognameisterskap i friidrett. Sjølv om vèret ikkje viste seg frå si beste side, var det både god stemning og mange deltakarar som stilte sporty opp!

Som vanleg var det to distansar på Fognaløpet. Dei som ikkje ville springe langs hovudvegen rundt øya, kunne delta på 5 kilometeren som gjekk rundt “nullen”.

Thea Hovda Rørheim vann 5 km i dameklassen på tida 26,47, foran Emma Grønås på 32,29. I herreklassen på den same distansen vann Josef Bø brødreduellen med storebror Jørgen, då han klokka inn på 22,24 mot Jørgens 23,21. Filip Sandanger Iversen kom på tredjeplass med 27,08.

På runden rundt øya var Anna Sandanger Iversen raskaste dame på 56,47, foran Solfrid Torgersen på 58,27. Den lengste distansen for herrane vart vunne av Jakob Bø på kruttsterke 37,57, foran Kristian Sandanger Iversen med tida 39,22. Tredjeplassen vart delt mellom Sander Rørheim og Sondre Sandanger Sørheim.

Etter gjennomførte løp og tilhøyrande medaljeseremoniar, var det tid for 60-meter, lengdehopp og kast med liten ball for alle som ville vere med på dette!

Sjå ein fyldig serie med bilete under: