Frå Finnøy til Lesbos på laurdag!
/Her på Fogn.org plar me oftast å reklamera for arrangement som ein kan få med seg på nettopp Fogn. Men i denne “nye tida” vi opplever i kjølvatnet av koronapandemien, har mange arrangement vorte flytta ut på nett, slik at vi alle kan få det med oss frå vår eiga stove! Dette er ein av grunnane til at vi her legg ut informasjon om eit arrangement som vert gjennomført på Finnøy, men som alle kan fylgje med på anten vi bur her eller der! Vi har fått oversendt dette frå arrangementskomiteen:
Me er ein gjeng ungdomar/unge voksne frå Finnøy som skal arrangera basar til inntekt for flyktningane på Lesbos i Hellas! Dette gjer me via organisasjonen Refugees4refugees. Det er den organisasjonen som Stian Røst har arbeida med der nede.
Vil DU kjøpa lodd? Frist er fredag 22/5 kl. 23.59
Du kan vera med og bidra til at det blir bygga handvaskestasjonar og fleire shelters. Dette er med og hindre ei eventuell smittekrise i leirane.
På laurdagskvelden sender vi basaren LIVE på Facebook, og det vert mogleg å gi pengar då og. Elles vert det musikk, show, trekking av gevinstar og enormt god stemning!
Dersom du vil kjøpe lodd kan du vippse til 23909, bla heilt ned i menyen til “innsamlingsaksjon” og velg kor mange lodd du vil ha (eller du kan gi enkeltgåve). 1 lodd koster 10 kroner.