Komiteen takkar for ein flott dag!
/Godtfolk
17. mai komitè 2020 vil takka både folk og fe for ei framifrå feiring, trass i alskens utfordringar av både virus, vêr og vind. Det var kanonbra oppmøte på bilkortesjen, mange veldig bra bidrag, alle var med og laga dagen minnerik og fin.
Nokre må me også takka ørlite ekstra.
Jon Olav Runestad for flott tale. Han mottok ei gåve frå komitèen, ei karikaturteikning laga av Fognareven Per Ivar Selvåg.
Karianne Nordbø Østhus for framifrå andakt.
Takk også til vår alltid så stødige Messing, som vanleg skyhøgt nivå på musikken, Fogn er heldige som har dykk.
Fogn oppvekstsenter og Joker Fogn fortèner også ei takk for at dei alltid stiller opp og er til god hjelp for komitèen.
Me har også fått god hjelp til filming/redigering av Håvard Østhus, Sofia Aronsen Haugan og Magnus Tombre Bøhn.
Takk også til alle som har teke bilete rundt om på øya i dag, og har delt dei med oss. Eit utval av bileta kan du sjå her.
Vinnarar av bildequiz, 17.maiquiz og kryssord i aktivitetsheftet vert annonsert etter fristen(19.mai) for levering av svar og retting er gjennomført. Det var mange vanskelige oppgåver, så her vert det ikkje mange med full pott, og kniving om sigeren. Gjer så godt dykk kan, send inn svar! Det vert også trekt ut ein vinnar av ein forundringspakke blant alle deltakarar.
Takk for ein flott dag!
Helsing 17.mai komitè 2020.