Rekordsum trass annleis aksjon!
/Sjølv om årets solidaritetsaksjon på Fogn oppvekstsenter måtte gjennomførast på ein heilt anna måte enn vanleg, vart det sendt ein rekordstor sum til Flyktningehjelpen! Heile 22 390 kroner kom inn gjennom loddsal med trekning om kvelden, torsdag 12. november.
Grunna smittevern var det “berre” elevar og tilsette som kunne vere med denne kvelden, og etter trekninga var det framsyning av filmen “Bestevenner” i gymsalen.
Ein flott kveld for dei som høyrer til på skulen, og eit flott resultat som kan få stor betydning for dei får glede av pengane som kom inn!