Støtt opp om årets digitale TV-aksjon!
/Som så mykje anna i 2020, så vert heller ikkje TV-aksjonen arrangert slik vi kjenner den frå tidlegare, i dette koronaåret. Der det før kom folk på dørene med ei innsamlingsbøsse i handa, vil vi i år erfara digitale bøssebærarar på nett og i sosiale medier. I gamle Finnøy kommune har alle medlemmene i kommunedelsutvalet sagt ja til å vera digitale bøssebærarar, og for Fogn gjeld dette då Ottar Sandanger og Jon Olav Runestad. Bøssebærarane er oppfordra til å opprette sine digitale bøsser før sjølve aksjonsdagen, som er søndag 18. oktober. Men korleis støtter ein aksjonen i år, når ein ikkje kan putte myntar og sedlar på ei eiga bøsse?
Det er faktisk ganske enkelt å støtte aksjonen ved å gi i ei digital bøsse. Kvar bøssebærar har fått si eiga side på spleis.no, der alle som vil kan gi via Vipps, kort eller faktura. Her har ein full oversikt over kor mykje som er samla inn, og kva midlane kan nyttast til. I år er det World Wildlife Fund (WWF) sitt arbeid mot plast i havet som får midlane frå TV-aksjonen. Plast i havet er ei stor utfordring, ikkje berre for dyrelivet, men faktisk for alle menneske på jorda, så her er det berre å støtta!
Ottar si digitale bøsse er alt “oppe og går”, så det er berre å klikka HER for å sjå kor mykje som er kome inn i bøssa, og vera med og støtta sjølv!