Nye hurtigbåtruter frå januar 2020!
/Dei av oss som anten bur, eller har hytte på ei øy som Fogn, er av naturlege grunnar godt over gjennomsnittet opptekne av ferje- og hurtigbåtruter. Frå januar 2020, altså no, er det gjort ein god del endringar i hurtigbåtrutene til/frå Fogn, stort sett til det gode, vil mange meine. Det er mellom anna slik at pendlarbåten som før gjekk frå Fogn klokka 06.05 til Finnøy, der ein måtte vente før båten gjekk til Stavanger via Brimse, no går kl. 06.20 frå Fogn, og til Stavanger utan mellomstadane Finnøy og Brimse. Ein reiser med andre ord 15 min seinare, men er framme til same tid.
Ein kan få oppdaterte hurtigbåtrutar ombord i båtane, på internett (ved å klikke HER), eller på Kolumbus sin ruteapp til telefonen.