Stort oppmøte og sterke inntrykk!

Røverdatter  - 18.jpg

Raud løpar, masse folk, blitzregn, Amandaprisvinnarar. Og så er det gymsalen på Fogn oppvekstsenter, ein nokså vanleg fredag i januar vi snakkar om!

Meir enn 100 personar møtte opp for å sjå filmen “Røverdatter”, der hovudpersonen Kjell Magne Haugan har busett seg på Fogn saman med si Trude. Det er dattera Sofia som både står bak filmen, og som også er å sjå foran kamera, som næraste pårørande til ein rusmisbrukar, nemleg hennar eigen far.

Det var Fogn Grendalag, med leiar Ole Klingsheim i spissen, som hadde invitert både publikum og hovudpersonar til Fogn oppvekstsenter denne kvelden. Det heile starta med raud løpar ute i gangen, før ein kom inn i gymsalen der det var dekka til med småbord, isbar og popcorn! Filmen vart vist, og ein kunne merke på atmosfæren inne i salen, at dette var noko som gjorde sterkt inntrykk på dei frammøtte!

Etter filmvisninga var det tid for spørsmål til hovudpersonane, både Sofia, Kjell Magne og Magnus Tombre Bøhn, som er gift med Sofia og har vore bak kamera i store deler av filmen. Mange stilte spørsmål rundt livet som pårørande til ein rusmisbrukar, og om systemet som ein må gjennom dersom ein vil ha hjelp til å koma ut av avhengigheita.

Etter at det heile var over, kunne ein høyre mange lovord blant dei frammøtte. “Sterkt”, “Viktig” og “Dette gir perspektiver” var noko som gjekk igjen, etter ein kveld vi seint vil gløyme på Fogn!

Under er fleire bilete frå kvelden: