Arrangement i kyrkje og bedehus dei neste dagane
/Det skjer ein heil del i kyrkja og på bedehuset dei neste dagane. Alt ligg inne i kalenderen her på Fogn.org, men her kjem ei lita påminning:
Søndag 8. september kl. 11.00 - Møte på bedehuset
Indre Sjømannsmisjon avslutter si møteveke på bedehuset. Dagfinn Sandal er med som talar. Noko å bita i etter møtet.
Søndag 8. september kl. 18.00 - Bønn- og lovsangskveld i kyrkja
Ein kveld med bønn for øya vår og kommunen vår. Litt solosang, men mest allsang. Lokale krefter vil spele og vere forsangerar. Både barn og vaksne vil vera med. Anledning til forbønn.
Arr: Lokal komitè/ansvarskomitèen.
Måndag 9. september kl. 17.30 - Diverse barnelag i kyrkje og på bedhuset
Hobby og tru, for borna til og med 1. klasse, samlast i kyrkja. Andakt og aktivitetar.
Gutte- og jentelaget, for borna frå og med 2. klasse, samlast til felles oppstart på bedehuset. Andakt, leiker og mat.
NB! Vi minner også om at båten Elieser kjem til Sørvåg tysdag 10. og onsdag 11. september. Her vert det møte med utlodning klokka 19.00 begge kveldane.