Eit fotoforum vert til!

public.jpeg

Måndag 23. september stilte 7 personar opp på ei samling knytta til fotografering på Fogn. Tanken med samlinga var å lufte interessa for eit slags forum for dei av oss som liker å knipse bilete, der ein kan dele tips og triks, og gi tilbakemeldingar på bilete som andre har tatt.
Dei oppmøtte såg på ulike bilete, og snakka litt om tips og triks, før dei vart einige om å møtast igjen til ei ny samling onsdag 23. oktober klokka 18.00 på Fogn oppvekstsenter. Før neste samling skal dei som vil knipse nokre bilete med temaet «haust» i tankane. Dette “oppdraget” kan gjelda alle, også dei som ikkje var på denne første samlinga!

Samlingane er opne for alle som vil få og/eller gi fototips, og det er ikkje krav om at ein har det og det fotoutstyret. Ein mobil held ofte i massevis!