Fotoklubb på Fogn?

IMG_7633-1450x909.jpg

Er du glad i å ta bilete? Veit du om gode plasser å ta bilete på Fogn? Har du nokre blinkskudd du ville ha vist, eller lurer du på korleis du kan redigera bilete i etterkant for å gjera dei enno betre?

Stig Rolfsen har lenge gått med ein tanke om å samle ein gjeng frå Fogn som har det til felles at dei liker å ta bilete. Desse kan dele erfaringar, tips og triks med kvarandre, og kanskje bli einige om å fotografere eit bestemt tema, og så sjå på bileta saman i etterkant. Kanskje det hadde vore interesse for ei fotoutstilling med bilete frå Fogn, eller kanskje ei Facebookgruppe med “Fognafoto” hadde vore noko?

Stig delte desse tankane med Håvard Østhus for ei stund sidan og no vil desse to invitere alle som kjenner at dette kan høyrast interessant ut, til ei samling på Fogn oppvekstsenter, måndag 23. september klokka 19.00. Her vil ein samtala om kva ein eventuelt kunne tenkt seg å gjort knytta til dette med fotografering på Fogn.

PS! Stig understreker at ein ikkje treng all verdas fotoutstyr for å stille på samlinga. Mobilkamera held ofte i massevis!

Velkommen!