Klart for Tour de Fogn 2019!

DSC_1073.jpg

Pressemelding frå Idrettslaget:

Me ynksjer velkommen til Tour de Fogn 2019, 29. juni!

Det vert i år arrangert som eit eindagersritt, det er med andre ord mykje lettare å få tidskabalen til å gå opp. Bli med! Kniv om flotte premiar og masse prestisje i denne vakre klassikaren.

Årets løype er to rundar rundt øya, med start på skulen/butikken. Start er kl 13. Det vert arrangert barneritt kl 14, og kl 15.00 inviterer Joker Fogn alle på grilling. Me håpar å sjå deg der, anten som deltakar eller som tilskodar.

Reglane er som vanlig:

- over 16 år
- må ha hjelm
- Ikkje lov med racersykkel. Er du usikker på om sykkelen er lov å bruke, ta kontakt med Sondre (980 53 617) i forkant, så slepp ein diskvalifikasjon på startstreken.

Sondre S Sørheim
Fogn IL