Fogn slo Buøy i ein særs spennande fotballkamp!

Fredag 30.mai var det duka for kamp mellom Fogn og Buøy. Og for ein kamp det skulle bli. Heile fem mål vart scora, nokre av måla var riktig så flotte. Tidleg i kampen vart det dømt frispark til Fogn. Frisparket vart tatt av spelande trenar Jakob Bø, skuddet gjekk kontrollert over muren og under tverrleggaren, og Fogn leia 1-0 før det var gått 10 minutt. Resten av omgangen var jamnspelt og heimelaget gjekk til pause med eittmålsleiing. Dei omlag 40 frammøtte kunne kose seg med brus, sjokolade og anna snack i kiosken.


2.omgang skulle bli høgdramatisk. Buøy snudde nemleg kampen til 1-2.

Men med drøye 8 minutt igjen å spele, scora toppscoraren til Fogn, Sondre Sandanger Sørheim. Alle frammøtte jubla høgt for utlikninga til 2-2. Dette gav ekstra energi til heimelaget som sette inn ein skikkeleg sluttspurt. Og belønninga kom, på overtida sette Johannes Madsen Hovda inn vinnarmålet, Fogn vant kampen 3-2. Ein virkeleg deilig seier!

Under kan du sjå bilete: