Jamn kamp mellom Fogn og Madla 3

24.mai hadde Fogn A-lag sin andre heimekamp for sesongen. Fogn tok imot Madla 3, denne fine vårdagen i mai. 1. omgang var mållaus. Madla gjekk tidleg i 2. omgang opp i leiinga 0-1. Seinare i omgangen dobla Madla til 0-2. Sondre Sandanger Sørheim spelte Fogn tilbake i kampen med ei redusering til 1-2.

Seinare auka Madla til 1-3. Sondre Sandanger Sørheim lagde spenning like før slutt ved å setje ballen i nettet, 2-3.

2-3 vart sluttresultatet, denne kvelden. Ein kamp Fogn styrte i periodar.

Under kan du sjå bilete, knipsa av bla. Finnøy-buen, Adrian Nilsen Heggelund